“Det gjer ikkje godt å lese denne debutromanen, som handlar om draumen om å vere nær nokon i ei iskald røynd” ”…det som gjer boka til ei sterk forteljing er nettopp den mangelen på innsikt forteljaren har i den røynda han lever i. Kan hende er det også det tittelen Eit vintereventyr speglar; drøymaren som står på sida av den grufulle røynda og berre greier å forhalda seg til det mytiske ved ho. Forfattaren gjev rom for fleire svar, med eit språk som drøftar meir enn det stadfestar. Og språkleg synst eg Leikvoll er svært sterk.” ”Eg skal ikkje seie korleis boka ender, men slutten gjer ikkje ubehaget mindre. Og boka festar seg i magen etter at dei knappe 150 sidene er unnagjort. Det blir spennande å sjå om Leikvoll i den vidare forfattarskapen sin greier å halde på den dristigheita han syner med denne romanen.”
Vakkert språk, ubehageleg lesnad

Inger Johanne Sæterbakk, Norsk Tidend